Artistar 2026


Fest i Valen


DIDDI VELLE


Diddi Velle voks opp i eit hus fylt av klassisk country, blues og rock, medan familien hennar var vertskap for amerikanske countryartistar på turné i Noreg. Dette prega henne djupt, og ho oppdaga tidleg ein lidenskap for musikk – men heldt det hemmeleg, slik mange draumande sjeler gjer når dei manglar stadfesting for å tru på seg sjølve.

Men i ein alder av berre 23 år fann ho endeleg motet til å leggje ut videoar på nettet. Responsen lét ikkje vente på seg; nokre gjekk viralt og nådde millionar! Talentet synte seg å vere av sjeldan kaliber. Følgjarskaren hennar veks stadig, med stort engasjement. På eit augeblink gjekk ho frå små scener til store festivalar. Etter å bokstaveleg talt ha slått publikum i bakken med sine sterke liveopptredenar, strøymde moglegheitene på. Ho har no spelt inn debutalbumet sitt ved legendariske The Sound Emporium i Nashville, saman med eit stjernelag av musikarar, Grammy-vinnarar og ein merittert produsent kjend for meir enn 70 millionar selde plater! (Forventa lansering 2026.)

Rost for låtskrivinga si held ho fram med å vere tru mot det autentiske og tidlause uttrykket i klassisk og tradisjonell old country – og å bere denne magien vidare inn i vår moderne tid.

Diddi har allereie motteke fleire utmerkingar, og nyleg var ho den einaste countryartisten som vart vald ut til å spele på Noregs største showcasefestival, by:Larm i Oslo. Ho vart eit heitt samtaleemne og eit verkeleg høgdepunkt, nominert til «Årets Rising Star». Det førte til at ho signerte med det leiande bookingbyrået TimeOut (Live Nation). Det talar for seg sjølv – og seier mykje om både kvaliteten og ambisjonane hennar!



OWLS TO ATHENS

OWLS TO ATHENS

Owls to Athens var i utgangspunktet eit musikkprosjekt basert på Jan Terje Rafdal sine låtar. Mange av desse vart utvikla i ABC Studio med eit stort utval av artistar. ABC har i ei årrekke tilbydd konseptet kompsession, der ein kan få gjort innspeling av eigen musikk saman med profesjonelle artistar.

No har Rafdal samla eit knippe artistar frå sin krets og utvikla Owls to Athens som eit meir konkret bandprosjekt med enkelte gjesteartistar.


I tillegg til låtskrivaren sjølv, finn ein Stig Morten Sørheim på bass, Geir Marius Halleland på gitar og Audun Stene bak trommesettet.

"Under denne konserten vil me få gjesteinnslag av Maria Kollstrøm Johnsen Bodenheimer på vokal og Bjarne Valsvik på tangentar"

Det er som alltid stor variasjon i genre på det som kjem ut av dette prosjektet. Det musikalske landskapet rundt Owls to Athens varierer mykje mellom rock og pop, men sniker seg også inn enkelte element frå americana og folk-rock. 


Sinnamekker'n med band

 - Featuring Morten Hjøllo

Sinnamekkern og Morten Hjøllo saman på scena i Valen

Det blir ekte lokal musikkfest når Sinnamekkern tek med seg band og inviterer Morten Hjøllo, tidlegare gitarist og vokalist i Diving Ducks, opp på scena under festen i Valen.

Hjøllo er for mange ein ekte musikalsk lokalhelt, og i høve arrangementet har han og Sinnamekkern slått seg saman til eit musikalsk samarbeid publikum sjeldan får oppleve. Her blir det både kjende låtar og musikalske høgdepunkt frå både Sinnamekkern og Hjøllo sine musikkarrierar.

Publikum kan vente seg ein konsert fylt med energi

Dette er rett og slett ei konsertoppleving for alle som set pris på gode låtar, levande musikk og lokale artistar.


KVEDNABEKKJERS

Kvednabekkjers har gjennom 10 år lagd sin egen countryrock-sjanger kalt «kvednapop».Kvednapop er en rå og deilig blanding av country, rock og litt småfrekk pop. Tekstene til bandethar både morsomme, dype, seriøse og useriøse trekk som gjør at bandet kan tilpasse segpublikumet etter beste evne, enten det er familiekonsert, dans på lokalet eller festivalen somtrenger musikk med trøkk, allsang og dreiemoment.

Musikken har godt driv og får folk til å synge med, danse og nyte tilværelsen. Bandet har låterom livet på veien, havet, alle damene, gutta og livet.

Kvednabekkjers har sluppet 3 studioalbum og er i gang med det fjerde, ferdig i 2023.Året 2013 slapp vi debutalbumet «Bekkjens Sildring».I 2017 kom «Ventetiå» og i 2019 slapp vi vårt 3. studioalbum «Dreiemomentet».Det siste albumet er ett produkt av 10 år med spilling og utvikling som resulterte i rå countryrockmed ett kraftig dreiemoment som får taket til å løfte seg.
Låter som «Kjøre Vekk Livet Mitt», «DAB» og «Ferjefritt» er alle låter med et budskap sompublikum kjenner seg igjen i. Låten «Kvednapop» er vår egen hyllest til musikkstilen vår.I mai 2019 hadde vi plateslipp i Haugesund og fikk terningkast 6 av lokalavisen «TysværBygdablad».Kvednabekkjers har i løpet av de siste årene sørget for god musikk til festivaler som Fest i Vestog Gladmaten, oppvarming til store norske artister som Rotlaus, DDE, Vassendgutane, RuneRudberg og opptrådt på utallige scener på Vestlandet.

Rock'n Bolle

Velkomen til årets Rock and bolle!
Her får du oppleva unge talent som viser kva dei kan – frå song til band. I år er me ekstra heldige og får sjølvaste trommelegenden Mauritcio på scena – dette vil garantert setja fart på rytmefoten! 



Mauricio Weimar - EXTREME DRUMS 


Ungdomsband

Tobias Sunde (El-gitar)
Sander Brix (El-gitar)
Nicolas Klevendale (tromme)


 Song : Amelia Thorkildsen Thorsen

Amelia er 12 år og kjem frå vene, vakre Valo – ein stad så idyllisk at til og med skyene ser ut som dei smiler. Men ingen av dei smiler like stort som Amelia, for ho har verdas største smil. Sidan ho var lita har ho elska å syngje, og ho har sjarmert både folk, fuglar og forbipasserande med sanggleda si. For to år sidan byrja ho på sangtimar, og sidan då har ho stått på fleire scener enn dei fleste 12-åringar, sjølv om ho berre har teke på seg nokre oppdrag her og der. Ho har sunge på konsertar, vore med i talentkonkurransen Hjerter i sang, og dukka opp på små arrangement som ei musikalsk overrasking. Sanglæraren hennar seier at det bur ei stor stemme i den unge kroppen, og at Amelia må møte utfordringar med strak rygg og det gigantiske signatursmilet sitt. Kvar opptreden er ei erfaring, eit steg vidare – og kanskje eit lite eventyr. Det er alltid litt skummelt å stå heilt aleine på ei scene. Men når scena står heime på Valo, og publikum er dei aller beste ho veit om, då gler Amelia seg mykje meir enn ho kvir seg. 


Song: Torger Johan Koløy og Gaute Svendsen Andreassen 



Song: Jacoba Størksen

Kjem frå Halsnøy og er ei 14 år gammal jente med stor lidenskap for song og sceneliv! Ho er energisk, blid og elskar å stå på scena og formidle musikk. Inspirert av Sigrid og Susanne Sundfør.

"Musikk betyr alt – det er ein viktig del av kven eg er"