Om oss.

Fest i Valen er ein liten og intim musikkfestival som finn stad på Valen i Kvinnherad kommune. Ei sjarmerande bygd, som ligg solvendt til med utsikt ut over Høylandssundet. Her i desse vakre omgivnadar på den gamle ritelleigedomen på Eikelandsgarden, no kalla "Valen Ranch" skapast det eit pulserande musikkliv denne dagen. Festivalen vår tilbyr ei unik oppleving for både familiar og vaksne, med eit mangfoldig utval av talentfulle musikarar og ei innbydande atmosfære. 

På føremiddagen kan du gleda deg til vår flotte familiekonsert kjent som "Rock'n Bolle". Her har me samla talentfulle og profesjonelle artistar for å underhalde heile familien, men gir også nyetablerte ungdomsband og artister ein unik moglegheit til å syna fram sin musikk og seg sjølve.  Rock'n Bolle er ikkje berre ein konsert, det er ein plattform for kunnskap og erfaringar. Me tilbyr ungdommane moglegheit til å læra litt og erfara det å opptre framføre eit publikum og til å setja opp eit arrangement på scena. Me inviterar også ungdommar til å være ein del av rigginga og crewet rundt arrangementet.  Dette for å gi dei erfaringar og innsikt i samarbeidet rundt festivalen.

Når kvelden sig på, vert "Fest i Valen"  forbeholdt dei som er 18 år og eldre. Dette tiltrekker seg ei aldersvariert og entusiastisk publikumsskare, som verkeleg set den gode festivalstemninga. 

Vårt mål for denne helga er å skape ein felles arena der vaksne, born og ungdom kan møtast og dela gleda av musikk. 

Me ønskjer å knytte lokalsamfunnet saman, samtidig tiltrekke nye besøkande frå dei omkringliggjande bygdene. 

Me ønskjer at Fest i Valen skal være ein positiv møteplass i Sunnhordlandsregionen.

"Fest I Valen" gir deg ein perfekt moglegheit til å sleppe seg litt laus og nyte god musikk. Med sin vakre beliggenhet og uforgløymlege festivalstemning er Fest i Valen eit must-besøk for musikkelskarar i alle aldrar.


Nydeleg utsikt over Høylandssundet
Nydeleg utsikt over Høylandssundet
  • Familiekonsert "Rock'n Bolle"
  • Nyetablerte ungdomsband
  • Kveldskonsert 18+ 
  • Lokale og nasjonale artistar.
  • Intimt og stemningsfull

 Historie

 "Fest i Valen" vart arrangert for fyrste gong våren 2022. 

Vertskapet Ståle Eskeland og Torill Berger overtok familiegarden i 2020 og garden endra fort namn til "Valen Ranch" 

Valen Ranch har lang historie innan hestedrift. Her har det vore drevet med hesteavl, hestesport og rideleirar for born og ungdom under namnet "Sunnhordland Ritell" 

Då Torill og Ståle overtok garden var den i dårleg forfatning. Mykje tid vart brukt på å rydda vekk rot og skrot i hus, hytter, brakker, skur og rundt om over alt på eigedomen. Undervegs vart det etterkvart eit behov for å finne på noko som som kunne skapa trivsel og motivasjon i alt arbeidet og dei såg fort at staden hadde eit fantastisk område med eit naturleg amfi perfekt for å skape ein festival. Så med god hjelp frå ein stor og trofast vennegjeng, ekstra dugnadshjelp frå frivillige i nærområde vart  "Fest i Valen" realisert.